Denne fuglen kan fly Oslo – Bergen 40 ganger uten stans

Jeg mener bestemt at denne fuglen også finnes på øya, men i Wikipedia kan en lese at det er en vadefugl i snipefamilien og at den hekker i Norge og kun i Øst-Finnmark. Men uansett om den finnes på øya eller ikke så er dette en fugl som imponerer meg skikkelig. Det er fasinerende å lese. Tenk om vi mennesker kunne hvile mens vi arbeidet. På NRK > Vitenskap og teknologi kan en lese følgende.

Medan du les dette sit lappspoven parat og ventar i Alaska på at vinden skal ta seg opp og blåse hans veg. Han et alt han klarar, og doblar vekta før han skal leggje ut på verdas lengste flytur.

Ein kvinneleg versjon av lappspoven satt verdsrekorden i 2007. Ho flaug 11 680 kilometer på 8,1 dag. Heilt utan stans.

Det tilsvarar 40 gonger avstanden mellom Bergen og Oslo.

Hjernen går i «kvilemodus»

Rekordfuglen starta ved Avinof-halvøya vest i Alaska, og enda ved
elva Thames på Nordøya i New Zealand. Det vart målt med satelittsporing
av radiomerkte fuglar.

Fuglane startar på reisa når dei merkar at ein storm er på veg. Dei
legg ut på den lange turen i ein gjennomsnittleg fart på 55 kilometer i
timen.

Halvegs på reisa, når dei kjen til ekvator, er det ikkje noko
meir hjelp å få frå vinden. Herfrå må dei klare seg vidare sørover på
eiga hand. Den ni dagar lange flyturen tek så mykje energi at fuglane
mister halve kroppsvekta si når dei flyg.

Fuglane får hverken sove, spise eller drikke på reisa som kan ta opp til ni dagar.

Å halde seg i lufta så lenge i strekk gjer at fuglen må hente energi
på andre måtar. Den gjer det blant anna ved at den eine hjernehalvdelen
går i kvilemodus

Teikning av ruta som lappspovane nytta frå New Zealand på trekk nordover, etter satelittsporing.

Einar Strømnes er zoolog ved naturhistorisk museum i Oslo, og seier
at fuglen har ein unik fysikk som gjer det mogleg å fly nesten halve
jorda rundt.

Pustar på inn- og utpust

Korleis er det mogleg for ein fugl å fly i 9 dagar utan stans?

– Slike trekkfuglar er ekstremt tilpassa det å fly. Til dømes er jo
dette med lungene viktig. Lufta passerer først gjennom lungene ein gong,
og går deretter ut til skjelettet og luftsekker i kroppen. Lufta går så
tilbake gjennom lungene enda ein gong til. Så dei har oksygenopptak
både på innpust og utpust, seier Strømnes.

Grunnen til at fuglane vel å fly den gigantiske avstanden i eitt
strekk er rett og slett at det ikkje finst landområde mellom Alaska og
stillehavsøyane, trur Strømnes.

– Det er jo ingen som har intervjua dei, men at det er lite
rasteplassar på ruta er nok viktig. Det er uansett lite våtmarker å
stoppe på dersom dei hadde flydd omvegen over land, så her har dei valt
den strake vegen over havet.

Har ein sjette sans

Det har lenge vore eit mysterium korleis fuglane klarar å navigere på
ein halvkule der mange av dei aldri før har vore. Strømnes peikar på at
fuglane kan ha arva eit genetisk kart over verda, som er samla opp
gjennom mange generasjonar før dei.

I tillegg viser han til ny forsking som seier at fuglane har
eit protein i netthinna som reagerar på magnetisme. Dette er kopla opp
til synssenteret, så dei kan
må mange måtar sjå retningane dei flyg i.

Det er i dag mogleg å lage eit kart med sterke og svake magnetfelt
over verda. Strømnes seier at lappspoven kan sjå noko tilsvarande til
dette.

– Me kan seie at dei har ein sjette sans, seier Strømnes.

Trass den anonyme utsjånaden er altså ikkje lappspoven noko
pinglefugl. Det er ein forholdsvis stor fugl, og tåler mykje meir uvêr
og dårlege tilhøve enn mindre trekkfuglar.

– Fuglekongen, som er den minste fuglen i Nord-Europa, plar å trekke
frå Noreg til kontinentet. Av dei dør nærare 99 prosent når dei skal
krysse Skagerrak. Det seier litt om fysikken til lappspoven, avsluttar
Strømnes.

Legg igjen en kommentar